VG – Verdas beste på iPad!

I oktober vart VG+ kåra til den beste iPad-utgåva i verda, av World Association of Newspapers (WAN). Vi har snakka med Randi-Lise Almås i VG+, som forklarar kvifor deira iPad-løysning har vorte så god.

For VG+ var det viktig å ta seg betalt for digitalt innhald. Dei har fått gode tilbakemeldingar på produktet og vann nyleg ein internasjonal pris for VG+. I tillegg meiner dei at lanseringen av VG+ på flere plattformer vil bety at dei får fleire brukarar og auke det kommersielle potensialet.

Almås veit ikkje kor lenge det er til før iPad representerar ei inntektskjelde som norske medier kan lene seg på. Ho meiner at norske medier ikkje lenger kan lene seg på ei inntektskjelde, fordi papirdagane er forbi og tidene framover vil endre seg. Ho meiner det er umogleg å vite korleis VG vil sjå ut om 2 år, fordi det då vil det verte mange fleire inntektskjelder. VG+ er eit av dei mange beina VG kan stå på, meiner ho. Ho legg til at mediehusa må byrje å sjå etter andre inntektskjelder også. VG+ på fleire kanalar har potensialet for å verte ei viktig inntektskjelde, oppsummerar ho.

VGs mediehus-tankegang
VG har ein annleis måte å tenkje på når det gjeld ulike plattformar. Dei meiner at “saken er felleseie før leseren åpner avisen, selv om den i utgangspunktet er en eksklusiv VG-sak, heter det fra den kanten. Det betyr altså at også eksklusive saker skal raskt ut, og at papiravisen må turnere dem på sin egen måte. Historien skal eies gjennom hele døgnet, er filosofien. Det betyr at redaksjonen må sørge for å eie historier gjennom hele døgnet gjør versjoneringen annerledes – det er like mye snakk om samspill som arbeidsdeling mellom kanalene”. (Bech-Karlsen 2008:72).

Ifølge Mediehusrapporten vart VGs Ipad-løsning først lansert som eit gratis tilbod i nokre månader. Deretter måtte lesarane kjøpe abonnement. Ipad-versjonen skal komme ut to gonger i døgeret – klokka seks om morgenen og klokken seks om kvelden. Det var viktig at VG-identiteten skulle vere tydeleg, men at produktet skulle opplevast som nytt og annleis. Her var målet at video og bilder skulle vere spesielt viktig på den nye plattformen. VG+ skulle i tillegg vere eit produkt tilpassa brukssituasjonane for Ipad, i første omgang frokost og sofamodus på kveldstid.

Vidare i Mediehusrapporten står det at man på Ipaden er innom færre gonger, men lengre tid av gongen. Altså nærmare avisbruk enn nettbruk. Det var viktig for VG å skille seg først og fremst frå VG Nett. Det skulle vere meir redigert enn VG Nett, og at det skulle ha ein begynnelse og ein slutt. Ipad-redaksjonen ligg inn under VG Nett, men redigerer innhald både fra nett og papir. Den skal ikke stå for nokon eign innhaldsproduksjon. Det vert ikkje noko eksklusivt innhald på pad’en som du ikkje vil finne på dei andre plattformane, men det vil bli produsert av medarbeiderar frå VG eller VG Nett spesielt for den nye plattformen.

Personleg er eg usikker på når det kjem til å lønne seg for norsk media å lene seg på iPad som inntektskjelde. Heilt ærleg så trur eg faktisk ikkje at det vert lønsamt. Grunnen til dette er at generasjonen under oss er ein generasjon som er vand med å få ting gratis. Dei har vakse opp med apps, smarttelefonar og nettaviser, utan å måtte betale for dette. Eg trur iPad kjem til å få ein oppgang når generasjonen over oss finn ut av lesebretta, men etter det, kjem det til å gå nedover. Eg trur at om iPad skal verte lønsamt, må ein nytte tid og gjere desse meir attraktive for ei yngre målgruppe også. Eg føler marknadsføringa av iPaden har feila litt, med å kun fokusere på personar over 30+ som si målgruppe. Skal iPad bli stort, må ein treffe den yngre lesaren. Det er trass alt dei eldre som er dei ivrigaste papirlesarane i dag.

Bygd opp
Ifølge Almås har VG+ laga ein eigen plattform som VG+ er bygd på. Dei har laga ein publiseringsplattform, eit annonsesystem, og sjølve VG+ er laga native i IOS, men dei arbeider med å lage ein HTML-versjonen slik at dei kan få VG+ på fleire plattformar, til dømes på mobiltelefonar.

Abonnement og prisar
Det er ikkje mogleg å kjøpe VG+ som enkeltutgåve. For vekentleg abonnement kostar det 35 kroner, for ein månad kostar det 56 kronar, og for ein månad med PDF-ar kostar det 196 kroner. For eit år kostar det 596 kroner.

Fleire lenkjer: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10039838

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.