I denne oppgåva skulle eg følgje ein politikars aktivitet på nett, i aviser og på TV. Det skulle vere ein lokal politikar som stiller til val, og me skulle oppdatere oss på kva denne personen skriv på twitter, bloggar, facebook, partiet si side, og rett og slett beskrive aktiviteten til politikaren. Eg valte å følgje nøye med på kva politikaren seier, korleis han opptrer, og kor mykje/lite han deler med sine “følgjarar”.
Eg valte å følgje Venstres 1. kandidat og ordførerkandidat Per A. Thorbjørnsen.
Her kjem først litt informasjon om politikaren:
Per a. Thorbjørnsen:
Født: 03.07.1952
Bur: Stavanger
Sivilstatus: Gift, fem barn
- Snapshot frå Per As Facebookside.
Sosiale medier:
Per A. Thorbjørnsen er svært aktiv på sosiale medier, og har eigne Facebook og Twitter-profilar, som han bruker aktivt til å drive valkamp. Han har også ein oppdatert side på venstres sider.
Per er spesielt aktiv på Facebook, og bruker si eiga side til å ytre meiningar om politikken og Stavangersamfunnet. Dette fungerer godt, og han har mange venner på Facebook. Han oppdaterer sida ofte, og legg ut enten nye bilete eller lenkjer kvar dag. Før valdagen la han blant anna ut ei lenkje til ein artikkelserie i Aftenbladet om fattigdom, der han kommenterer unna lenkja. I kommentarfeltet får han med seg ein meiningsytring som kombinerar Venstres fattigdomspolitikk med retoriske verkemiddel, der han peiker på kva den rødgrønne regjeringen har gjort feil i Stavanger når det kjem til fattigdom.
Kommentar henta frå Facebook-profilen:
Aftenbladet har den siste uken hatt en artikkelserie om fattigdom i Stavanger. Den er vel verdt å lese. Jeg mener å huske at den rødgrønne gikk til valg på å bekjempe fattigdommen ? Sa de ikke at fattigdommen kunne avskaffes med et pennestrøk. … ? Eller husker jeg helt feil ?
I tillegg kommenterer han om bilfridag, ein anna viktig sak for Venstre.
Facebook-kommentar:
var vellykket der blir ikke automatisk vellykket her. Så får vi nå se gjennom evaluering om det var organisering, informasjon, arrangementer det skortet på eller det var selve hovedideen som praktisk talt ikke lar seg gjennomføre uansett hvilken form en bilfri dag får!
Kommentar frå Facebook rett etter valet:
Gratulerer til H og AP for strålende resultater. Men jeg er skuffet på våre egne vegne. Vi skulle så gjerne fortsatt med seks repr. i bystyret, så ble det fem. Det så så lovede ut: gode meningsmålinger, hyggelige tilbakemeldinger og en god valgkamp. Men det holdt dessverre ikke helt inn. Men bevares: vi fikk 6,2 % på landsbasis og vi skal være fornøyd med fem repr. når alt kommer til alt. Tross alt er det det andre beste resultatet på 30 år i Stavanger. Og… skal vi komme sterkere tilbake ![]()
Same innlegg og ytringar legg han også ut på Twitter, og han er i tillegg svært aktiv og ofte å sjå i lokalmediene. Likevel, eg har lagt merke til at han er spesielt aktiv og meddelande på Faebook, og han har også sagt i tidligare intervju at han prioriterar Facebook framfor andre sosiale medier, og at han har vore fast bestemt på å ha ein oppdatert profil her. Det som er spesielt med Per A. Thorbjørnsens aktivitet på nettet er kor personleg han tillet seg sjølv å vere. Han skriv f.eks på sosiale medier på sjølve valdagen at alle kan ringe han om det er noko dei lurar på, og han skriv mobilnummeret sitt i kommentarfeltet. På Facebook-profilen skriv han også mykjer personleg om sitt eige liv, deriblant ein historie om korleis han kom inn i politikken. Han skriv i etterkant av valet at han er skuffa over valresultatene, og generelt sit eg att med eit inntrykk om at han skriv ting han tenkjer på der og då. Han skriv også kor han har vore og kva han gjort nærast kvar veke. Eg trur at denne typen personifisering, gir velgarane og følgjarane hans eit godt inntrykk av kven Per A. Thorbjørnsen er, og eg trur han tener mykje på denne typen nettaktivitet.
Av og til får eg inntrykk av at han kanskje ikkje tenkjer seg om når han publiserer ting på nettet, og at ting kanskje kjem litt uheldig ut. Likevel, han skjuler ingenting, og er så personleg på nettet, at eg nesten føler at eg kjenner han.
